Gled dykk til golf for seniorar!

Har du lyst til å prøve noko nytt, vere meir aktiv og møte nye menneske? Då er golf kanskje aktiviteten for deg!

SeniorHelsa inviterer kvinner og menn til å bli med på golf for nybyrjarar i samarbeid med Meland Golfklubb. Golf er ein aktivitet som stimulerer både kropp og sinn, og kan bidra til fleire aktive år i eit sosialt og triveleg fellesskap.

Oppstart:
📅 Måndag 17. august 2026 kl. 12.00

Stad:
📍 Meland Golfbane

Du får ein månad gratis prøvetid, og alt nødvendig utstyr kan lånast utan kostnad ved oppstart.

Påmelding innan 14. august

📧 E-post: stusdalaudun@gmail.com
📱 SMS: 907 87 152

Vel møtt til ein aktiv og sosial start på hausten!

Forrige
Forrige

Bli med på styrketrening for seniorar!

Neste
Neste

Gled dykk seniorar – spennande aktivitetar kjem hausten 2026