Bli med på styrketrening for seniorar!
Ønskjer du å bli sterkare, få betre balanse og halde kroppen i aktivitet? Då er styrketrening for seniorar eit flott tilbod!
SeniorHelsa inviterer til lavterskel styrketrening med personleg trenar, tilpassa seniorar som ønskjer å ta vare på helsa i eit trygt og motiverande miljø. Kvar torsdag kl. 11.00 hos Studio Nor Knarvik.
Oppstart:
📅 Torsdag 27. august 2026 kl. 11.00
Du får éin månad gratis prøvetid, slik at du kan bli kjent med både treninga og miljøet.
Påmelding innan 20. august 2026
📧 E-post: knarvik@studio-nor.no
📱 SMS: 474 55 258
Velkomen til ei sosial og inspirerande treningsøkt – vi gler oss til å sjå deg!