Gled dykk seniorar – spennande aktivitetar kjem hausten 2026

SeniorHelsa lanserer til hausten fleire nye aktivitetar og møteplassar for seniorar i samarbeid med lokale lag, organisasjonar og samarbeidspartnarar.

SeniorHelsa lanserer til hausten fleire nye aktivitetar og møteplassar for seniorar i samarbeid med lokale lag, organisasjonar og samarbeidspartnarar. Målet er å bidra til eit aktivt, sosialt og meiningsfylt seniorliv gjennom aktivitetar som fremjar både fysisk og psykisk helse.

Blant tilboda finn du mellom anna golf for nybyrjarar, bridge, styrketrening, gåfotball, kaffitreff med musikk og sosiale møteplassar. I tillegg blir det sett fokus på overgangen frå arbeidsliv til seniorliv gjennom samarbeid med både næringsliv og offentlege aktørar.

SeniorHelsa vil òg arrangere temakveldar og aktivitetsarrangement, formidle kunnskap om verdien av fysisk aktivitet og produsere ei oversikt over aktivitetar som blir tilbydde av lag og organisasjonar i området. Sjølve aktivitetane blir gjennomførte av dei lokale laga og organisasjonane, som er ein viktig føresetnad for at prosjektet skal lukkast.

Prosjektet byggjer på mottoet «Lag ein god dag i staden for å ha ein god dag», og ønskjer å inspirere fleire seniorar til å vere aktive, skape nye relasjonar og oppdage nye interesser.

Nærare informasjon om aktivitetane og påmelding blir publisert i månadsskiftet juli/august 2026.

 
Neste
Neste

Temakveld 10. mars 2026