Temakveld 10. mars 2026

SeniorHelsa i samarbeid med Alver kommune inviterer til temakveld tirsdag 10. mars kl. 18.00 i Helsehuset 6.etg.

Gratis inngang!

Program:

1. Alexandra Vik

Tittel: «Hvordan kan vi møte demens med både innsikt og menneskelighet?»

2. Helene Eknes Hølleland

Informasjon om tenester i Alver kommune som er særleg retta mot heimebuande personar med demens og deira pårørande.

3. Karoline Oset Helland

Korleis kan me vere gode støttespelarar for personar med demens og vera pådrivarar for god demensomsorg i kommunen?

4. Drøftingar

Drøftingar om korleis totalsituasjonen er for dei demente og deira pårørande i Alver kommune.


Omtale av foredragshaldarane:

Alexandra Vik - Eigar og dagleg leiar i ConnectDem.

Ho har forska på korleis hjernen endrer seg ved normal aldring og korleis ein tidleg kan forutsei utvikling av Alzheimer`s sjukdom. Då hennar eigen far fekk demensdiagnose, førte dette til ein god del usikkerhet, bekymring og dårlig samvittighet, og ho snakkar om overgangen frå fagleg kunnskap til levd erfaring.

Helene Eknes Hølleland -Sjukepleiar i Alver og tidl. Meland kommune.

Ho er medlem av Hukommelsesteamet i Alver - og er tilsett i Dag- og aktivitetssenter for heimebuande personar med demens.

Karoline Oset Helland - Styreleder i Nordhordland demensforening.

Medhjelpar på pårørandeskulen i regi av kommunen . Demensforeninga arbeidar med å spreie informasjon om demens gjennom temakveldar, ha samtalegrupper/pårørandetreff, «Syng med oss» kor, samle inn pengar til demenssaka. All aktivitet vert drive på dugnad og frivillig basis.

Alle som er interesserte i temaet er varmt velkomne til ein informativ og viktig kveld. Enten du er pårørande, fagperson eller berre ønskjer å lære meir om demens og demensomsorg i lokalsamfunnet, håpar vi du tek turen til Helsehuset 10. mars. Det er gratis inngang, og det vert høve til både fagleg påfyll og gode samtalar.

Neste
Neste

Kva vil framtida bli for seniorar?