Den store Inspirasjonsdagen 25. juni 2025

Omtale av Den store Inspirasjonsdagen 25. juni 2025 - tekst av Knut Langeland

Dag Otto Lauritzen gav klisjeen innhald

Folk som seier at ingenting er umogleg, skal ein generelt vera skeptiske til. Når Dag Otto Lauritzen seier det, skal vi lytta. Han har gitt klisjeen faktisk innhald.

I 1980 var den tidlegare fallskjermjegeren med på ei stor militærøving i Finnmark. Fallskjermhoppet gjekk skikkeleg galt. Lauritzen vikla seg inn i snorene og heldt på å riva av seg foten. Fire år seinare stod han på pallen i OL i Los Angeles med bronsemedalje om halsen.

Fekk ei ekstra stjerne

Det umoglege var blitt mogleg.

Dei som var tilhøyrarar til Lauritzens føredrag i Knarvik kyrkje den siste onsdagen i juni, kjende på førehand den blide sørlendingen mest som syklist og programleiar. Bakgrunnen hans som fallskjermjeger og politi var det berre dei færraste som kjende til, og den dramatiske historia om ulykka og den påfølgjande krevjande restitusjonen var ny for dei fleste.

Lauritzen hadde sikkert mange stjerner frå før, men han fekk nok fleire nye under det engasjerande føredraget.

Innhaldsrik dag

68-åringen si timelange forteljing om opp- og nedturar i eige liv kom på tampen av ein lang og innhaldsrik dag i regi av Seniorhelsa. Lauritzen gjorde sine eigne erfaringar relevante for seniorane. Hans kamp handla ikkje først og fremst om å unngå å bli krøpling, men endå meir om å skaffa seg eit liv der han var i stand til å greia dei tinga han hadde lyst til å greia.

Slik er det også for mange eldre. Ingen av dei skal ta olympisk medalje, men det går framleis an å setja seg mål og syta for å halda seg i god nok form til å greia seg lengst mogleg utan å bli institusjonalisert.

  • Eg er redd for å virka belærande, seier Lauritzen.

  • Men meininga er ikkje noko anna enn å fortelja korleis mine erfaringar har virka på meg.

Imponerande frammøte

Han har ein travel kvardag, med TV-jobbing og programskapiing. Men rett som det er er han ute og held føredrag. Det synest han er kjekt. I Knarvik har han vore før, i samband med Knarvikmila. Han er imponert over kva eldsjelene har fått til i dette vesle lokalsamfunnet.

Rundt 400 menneske fylte Knarvik kyrkje då inspirasjonsseminaret til Seniorhelsa vart opna onsdag morgon. Minst like mange var framleis med då Human Beings avslutta med konsert på ettermiddagen. Dagen var delt i tre bolkar, med interessante føredrag, uteaktivitetar, mat og sosialt samver som hovudingrediensar, før altså Human Beings tok til scena for å runda av dagen. Innimellom var det også underhaldningsinnslag ved ordkunstnaren Arne Torget.

Ingenting førebyggjer demens betre enn fysisk aktivitet

Legen og hjerneforskaren Ole Petter Hjelle hadde godt nytt å fortelja dei som går rundt og engstar seg for å bli råka av demens. Rett nok er sjukdomen raskt veksande, men den gode nyhenda er at vi kan redusera risikoen monaleg. Opptil 75 prosent av risikoen kan vi sjølve påverka, og ingenting reduserer faren for demens meir enn fysisk aktivitet, ifølgje Hjelle.

Di meir ein trenar, di større er gevinsten, men alt monnar.

  • Kvart steg tel, kunne Hjelle fortelja.

Og til dei som planlegg omfattande tiltak som kanskje aldri blir realiserte, hadde han følgjande beskjed: Ikkje gap for høgt.

  • Den beste økta er den du får gjennomført.

Den dårlege spiralen

Fysioterapeuten Frode Skjelvan var nestemann til å preika. Hans innlegg handla om korleis ein kan førebyggja risikoen for fall både heime og i naturen. Fall er ifølgje Skjelvan den viktigaste årsaka til skader hjå eldre. Og så er det slik at når vi dett og skadar oss, så set det seg i oss. Vi blir redde, mister sjølvtillit og utset oss for minst mogleg risiko, noko som fører oss inn i den dårlege spiralen.

  • Vi håpar i staden for å handla, påpeikte Skjelvan.

Det er ikkje mykje som skal til for å redusera risikoen for å detta. Det eine handlar om å syta for at heimen er slik innreidd at du ikkje snublar. I tepper, på glatte golv eller på grunn av dårleg lys.

Det andre handlar om å vera i form nok til anten å tola eit fall eller til unngå fall. Skjelvan fortalte om mor si, som hadde vore plaga med fall tidlegare. No hadde ho trent systematisk knebøy i seks månader, og sidan jul hadde ho ikkje snubla ein einaste gong.

Brutal konskvens

Frode Skjelvan lista opp ei rad unnskuldingar som folk kjem med som forklaring på at dei ikkje trenar. At dei er for gamle, at dei er slike som ikkje trenar, at dei ikkje har energi, at det ikkje nyttar. Konsekvensen av å gjera ingenting kan fort bli verre enn at du taper sjølvstende og hamnar på institusjon. Statistikken er nemleg brutal.

  • Av dei som knekkjer lårhalsen, døyr 25 prosent innan eit år, kunne Skjelvan fortelja.

Seniorgolf

Men den overordna bodskapen tilhøyrarane sat att med etter inspirasjonsseminaret, var optimistisk. Vi kan sjølve gjera svært mykje for å få ein aktiv og god alderdom. Ute på Knarvik stadion fekk dei påmelde prøva nokre av dei aktivitetane som kan bidra til fleire gode år. Spasertur, pilkasting, baklengsgåing, enkle øvingar som knebøy og ballkasting. På den eine av stasjonane stod golf på programmet. Å få ballen i koppen, var verre enn ein kunne tru, men gode råd var lett tilgjengeleg.

  • Ei 18-hols økt varer i 4-4,5 timar. På den tida går du 6-7 kilometer. Det er å sjå på som ei god treningsøkt, reklamerte Frank Solli, leiaren for seniorgruppa i Meland Golf.

  • I tillegg kjem det sosiale.

Gode tilbakemeldingar

Det siste ordet på seminaret var det Dag Otto Lauritzen som fekk. Han peikte på alle dei godt vaksne som brukar tid og krefter på å investera i fond. Vel og bra, meinte Grimstad-karen.

  • Men minst like viktig er det å investera i eiga helse, for kva skal du med pengar i fond om du ikkje har helse til å gle deg over dei?

Initiativtakaren bak Seniorhelsa, Helge Brekke, var strålande nøgd med det som runda av nokre aktive månader med seminar, føredrag og andre samkomer, inkludert seniordans.

  • Veldig kjekt! Eg har vore med på mange store arrangement, men aldri har eg fått så mange gode tilbakemeldingar som etter dette.

Forrige
Forrige

Tilbakemelding frå deltakar Urd Vikøren på arrangementet Den store inspirasjonsdagen

Neste
Neste

Funksjonærlister til arrangementet 25. juni 2025